lørdag 4. februar 2012

Vårlege lydar i stua

Har sju små nøster trippande og pippande i eit bur i stua

Lydane minner om at det snart er vår og at
småfuglane snart syng igjen i busk og kratt

Nokon som veit å nyte varmen frå varmelampa litt meir enn andre,
vurderer å melde han på sydenliv;)

fredag 3. februar 2012

Gjenbrukspryd

Porselensdrømmer, mormors gamle service er blitt til eit vakkert smykke som ingen andre har maken til.. Har du lyst har du lov, du finne smykka mine på epla, eller du kan sende meg ein mail.

Porselaindreams, grandmas old brokean teaset has become a beautifull peace of jewlerey, one of a kind. Would you like one? Find it in my epla shop or mail me.

tirsdag 27. desember 2011

Mine Handlaga Porselenssmykker

Romantiske små minner, anheng laga av knuste porselensfat og koppar.

 På ei snor av organsa,
eller ei perlerad i sølv...

Eit unikt smykke, som ingen andre har.

My handmade Porselain Jewlery
Tiny romantic memories, made of old broken china, on a string of organza or a silver ballchain. Something uniqe, just for you....

fredag 16. desember 2011

Bokmerke

Hjørnebokmerker, prøver meg litt fram for å finne ein god og enkel modell.
Ei kjekk lita venninnegave kanskje.



lørdag 2. juli 2011

Blåbæryouhurtkake

P1080031

P1080032

Fantastisk godt og friskt, nytes i sola med ein deilig kopp latte til… Oppskrift fra mitt søskenbarn Aina<3

3 dl kremfløte
3 små beger yoghurt
2 pk gele


Kok opp 1 pk gele med 3 dl vatn.
Pisk fløta til krem og bland i yoghurt. Ha i gele når den er kald.


Kakebotn;
1 pk digestive
100 gr smelta smør
Knus kjeksa, bland i smøre. Ha de i ei rond form. Hell over yoghurt/krem/ gele blandinga. La den stivne i nokre timar kaldt.


Kok opp den andre pakken me gele med 5 dl vatn, slå den forsikti over yoghurt/krem/gele blandinga. lat stivne nokre tima kaldt før servering :)


Til blåbærkaka he ej brukt blåbærgele og yoplait lamour vaniljeyoghurt med blåbær :)
Mamma bruka å lage dinne kaka med melonyoghurt og sitron eller appelsin gele :)
Håpe de smaka :D

GOD HELG

fredag 1. juli 2011

Strikk ein pip

BlueTitB

Inne hos Lion Brand Yarn fann eg denne vesle søte blåmeisen, ikkje så ulik originalen. Har du lyst å strikke ein finn du mønsteret her.

blaameis

Originalen finn du meir info om her… der også bildet er lånt.

pip

Eit lite prosjekt for oss som likar pip studio..

onsdag 22. juni 2011

Seine påskeyllingar og brune Italienarar

P1070982

P1070983

P1070973

Fire små vart klekte for ei veke sida, ein liten svart nakenhals og tre brahamix, dei gule/beige er omtrent dobbelt så store som den svarte og dei kyllingane eg tidlegare har klekt ut. Dei blir forhåpentleg store flotte brahamaliknaned høner etter kvart.

Bildet over er lånt, og sjølve bildet er lenka til kildaSmilefjes som blunker

P1070995

Eit par nakenhalsa raringar, den eine er svært nyskjerrig når me gløttar på døra..

P1070997

P1070990

Så har her flytta inn 5 høner og ein hane av rasen brun italiener, den kvite store er ein kvit italiener..

P1070991

Han er litt vel sjefete så han skal få flytte inn i Austefjorden snart..

P1070988

(den svarte er Julia, julekyllingen)